Visjon
Ein visjon uttrykkjer langsiktige mål, spelar på draumar og kjensler og gir signal om kva ambisjonar bedrifta har – kor høgt ho legg lista.
Verdiar
Verdiar i ein samfunnsmessig kontekst seier oss noko om korleis ei bedrift bør opptre i ulike situasjonar og kva grunnverdiar som skal prege åtferda for å fremje eit godt omdømme.
Forretningsidé
Ein forretningsidé seier kva ei bedrift bør gjøre for å tene pengar. Produktet, kundane og særpreget står sentralt.
Mål
Ein ønska tilstand i framtida.
Arbeidsdeling
Ei fordeling av arbeidsoppgåver i ei bedrift for eksempel basert på funksjon, produkt, marknad eller kunde.
Kontrollspenn
Kontrollspenn fortel om kor mange medarbeidarar ein leiar har direkte under seg.
Organisasjonsplan
Ei oversikt som viser mynde og ansvarsforhold i ei bedrift.
Linjeorganisasjon
Ei organisasjonsform der kvar tilsett har ein sjef.
Linje-stabs-organisasjon
Ei organisasjonsform der ein skil mellom personar som er i linje og kan gi ordre, og staben som er spesialistar utan rett til å gi ordre.
Prosjektorganisasjon
Ein tidsbestemt organisasjon som har ei gitt oppgåve som han skal løyse for så å bli avvikla.
Matriseorganisasjon
Ein organisasjon som er utforma slik at den både ivaretar kunde og funksjon.
Nettverksorganisasjon
Ein organisasjon som fungerer på same måte som prosjektorganisasjon med mange prosjekt og ivaretar særleg behov for kreativitet.
Organisasjonsutvikling
Det vil seie å vidareutvikle organisasjonen med omsyn til kompetanse for å ivareta evna til omstilling og tilpassing.